Byggjer meistring, motivasjon og framtidskompetanse gjennom praktisk læring

Trivsel, meistring, motivasjon og glede over å lære nyre ting står i fokus for læringsarenaen «Smiå» på Gossen i Aukra kommune. Etter halvanna års drift kan tilsette og elevar sjå tilbake på mange gode læringsopplevingar.

Elever ved Smiå
– Eg gler meg veldig til desse skuledagane seier Alfred Emil Nautnes Dahle (i front) på veg ut på fiskefeltet. Theodor Rønningshaug (bak) stortrivst også: – Vi utviklar ei god ansvarskjensle når dei vaksne gir oss tillit.

Tekst og foto: Tor Arne Aasen, redaktør Aukranytt 

– Eg gler meg skikkeleg til desse skuledagane. Her kjennest det veldig relevant det vi lærer, seier Alfred Emil Nautnes Dahle med glød i blikket på veg ut på fiskefeltet.  

Saman med Theodor Rønningshaug fører han den hurtiggåande lettbåten denne nydelege haustmorgonen. Dei fire andre tøffar utover i sjarken «Glup». Etter veker med kuling, regn og tungsjø opna eit vervindauge heilt i motsett ende av skalaen seg. Dermed kunne ei gruppe elevar endeleg sette ut teiner og line i går. No er alle spente på fangsten. 

Vi er invitert med på det som for mange i Noreg er ein utypisk skuledag. For desse elevane er det tvert om. Dei er del av «Smiå» som vart til våren 2023.  

Frå idè til handling i 2023 

– Målet vårt var å utvikle ein læringsarena med fokus på praktisk læring og tilnærming til læreplanen. Gjennom aktivitetar som snekring, fiske, jakt og matlaging har vi teke utgangspunkt i kompetansen til oss vaksne og interessene til elevane, seier lærarane Jens Petter Kjøll og Gunnar Bentz Høgseth. 

Dei to har kjent kvarandre gjennom åra og til dels jobba saman tidlegare. Felles elev- og læringssyn, særleg i høve elevar som har eit ekstra behov for meir praktisk tilnærming, låg i botn som grunnmur når dei presenterte eit konsept for rektor ved Gossen barne- og ungdomsskole våren 2023. 

Gunnar har alltid vore levande oppteken av naturen og vegen til læraryrket via utdanning innan friluftsliv og kroppsøving var naturleg. Jens Petter er utdanna barnevernspedagog. Han arbeidde seinast som leiar i Frivilligsentralen. 

Gjennom åra hadde dei begge både lukkast og ikkje lukkast så godt som dei ønska med tiltak innanfor skuleporten. No var kanskje tida inne til å bygge opp ein heilt ny arena? 

– Både noverande og tidlegare læreplanar har gode intensjonar og i teorien moglegheiter for å tilnærme seg læring på ein praktisk måte. Men vi må vel erkjenne at uansett kor gode intensjonar og ønske mange skuletilsette har, så blir det klassiske «skulerommet» for lite og for «skulsk» psykologisk for elevane, reflekterer Gunnar og Jens Petter.  

Rammer som skulebygningar, klasserom og klokka som ringer blir erfaringsvis både praktiske og mentale hinder for å få til nok i praksis. Med naturen som skulerom fell mange av desse sperrene.  

– Dermed får vi eit heilt anna utgangspunkt for å «booste» livsmeistring, djupnelæring, tverrfaglegheit og samhandling, kompetansar som er svært tydelege bestillingar i læreplanen. 

Alle kan søke

Alle elevane på ungdomssteget kan søke om plass ved å grunngje kvifor dei ønskjer seg til Smiå. Men nålauget er trongt. Så dei som kjem inn er heldige. Tanken er å få til større  rotasjon slik at fleire kan vere med. 

Med to lærarar har vi ein kapasitet på kring 14 elevar. Desse rullerer mellom øktene på tysdag, onsdag og fredag slik at det er med kring seks elevar på kvar økt. Grunna bruk av til dels avanserte verktøy, ferdsel på sjøen og gruppedynamikk er talet sett både utfrå tryggleik og moglegheitene for oppfølging frå dei vaksne. 

Før elevane byrjar må dei signere kontrakt. Utover dei vanlege skulereglane forpliktar dei seg til nokre ekstra forventningar knytt til haldningar og samhandling i gruppa. 

Ansatte ved Smiå
Rektor Heidi Falkhytten er strålande nøgd med den praktiske læringsarenaen lærarane Gunnar Bentz Høgseth (t.v.) og Jens Petter Kjøll har skapt gjennom Smiå: -Vi har allereie kome langt i setje nyaste stortingsmeldinga ut i livet.

– Go for it! 

– Eg tente med ein gong på idèen og tankane dei skisserte. Behova som har vakse fram for meir praktisk har ropt etter noko anna enn det vi kunne tilby på skuleområdet sjølv om vi har ein ny og flott skule. Kombinert med kjennskapen til kva Gunnar og Jens Petter har vist av elevsyn, erfaringsbakgrunn og personlegheit, vart det raskt «go for it» frå mi side, smiler rektor Heidi Falkhytten ved Gossen barne- og ungdomsskole. 

Konseptet gjekk ut på å ta i bruk ledige lokale i nedlagte Riksfjord skule. Her skulle det vere base og utgangspunkt for ulike utflukter på sjø og land. For å kome raskt i gang same hausten vart det omdisponert ressursar frå skulen si ordinære budsjettramme.  

Jobbar med alle intelligensane 

Kor kom namnet Smiå frå? 

– Inspirasjonen kom delvis frå jobberfaring annan stad. I overført tyding handlar Smiå-namnet om at vi skal bidra til å smi eller forme heile mennesket. Vi jobbar med alle intelligensane, sanseapparatet og aktiviserer heile kroppen. Smiå og naturen som ramme gir kort og godt eit betre utgangspunkt for å la meir enn det akademiske få skine. 

Elever ved Smiå
Sløying av fisk er grunnleggjande dugleik å kunne for kystungdom. Her får Finn S. Blomvågnes innføring av lærar Gunnar Bentz Høgseth. Noah H. Varhaugvik ser og lærer til han skal sløye neste fisk.

Veks med ansvaret 

I dette ligg også at meistringa og opplevinga av relevans gir elevane motivasjon når dei er på Smiå. Motivasjonen dei bygger gir også synergieffekt resten av veka i ordinære timar på skulen og aukar skulenærveret.  

Vel framme ytst mot havet for å trekke linene tek vi ein tur om bord i sjarken til dei fire andre elevane. Etter kvart som lina kjem opp blir ein variert fangst eksponert. Her er det skate, kveite, sei og ein liten hai.  

– Denne karen har nok redusert fangsten for oss. Når store stimar av den er i nærleiken av lina skremmer den anna fisk bort, forklarer Gunnar medan han held opp ein hågjel som har svømt sin siste tur. 

Mellom fiskane som raskt må takast hand om av gutane lurer vi på om dagane på Smiå er som dei håpa på når dei søkte: 

– Ja, heilt klart. Å få gjere ting med nevane kombinert med ei god forklaring gir oss ei heilt anna forståing enn å berre lese om det. Og eg kjenner at vi veks når dei vaksne stoler på oss og gir oss meir og meir ansvar, reflekterer dei. 

Gripe for å begripe 

Lærarane ønskjer å pirre nysgjerrigheita til ungdomane. Sjølv om mange bur tett på havet, kan det å sløye ein fisk eller ferdast i båt vere på lang mental avstand.  

– Kanskje har vi mista noko vi bør finne att når det nære og handfaste i kvardagen har tapt terreng for sosiale media og andre fokus.  

Dei entusiastiske lærarane viser mellom anna til kronikken «Vi må gripe for å begripe»
skriven av pedagogisk psykologisk rådgjevar Elin Eika Bringa. Den tek pulsen på det Smiå forsøker å jobbe med. 

Elevane tek del i heile prosessane. Når temaet er fiske startar dei gjerne med å lage teine og egnar line som dei set ut saman med teinene. I etterkant følgjer sløying og frysing før dei på eit seinare tidspunkt koplar inn kompetansemål i mat og helse og lagar festmåltid. 

Sosial kompetanse 

Gruppene er sett saman av åttande-, niande- og tiandeklassingar. Det er tydeleg at eigarskap, stoltheit og ansvarskjensle veks godt fram gjennom samværet i gruppa. 

– Måten dei eldste deler erfaring, hjelper og viser ansvarskjensle er berre nydeleg smiler Jens Petter. Eg trur det handlar om oppleving av eigarskap, at alle vil gjere sitt for at Smiå skal vere ein bra plass.

Arenaen gir også rom for den gode samtalen og øving i sosial kompetanse gjennom dei ulike aktivitetane. No er det kun gutar i Smiå. Det er dermed eit mål å få med jenter også.  

– Vi trur det vil gi dei inspirasjon og bygge kompetanse på same måte som hos gutane. Det er også bra for det sosiale miljøet som i eitkvart arbeidsfellesskap, seier Jens Petter Kjøll og Gunnar Bentz Høgseth før dei må bidra med litt assistanse for å få ei teine med tre store humrar trygt over ripa. 

Elever ved Smiå

Drivkraft og tilrettelegging 

Vel tilbake på land reflekterer vi saman med rektor Heidi Falkhytten i eit skuleleiarperspektiv om kva som er verd å ta med seg for andre som vurderer liknande opplegg. 

– Vi er audmjuke for at vi er privilegerte i Aukra kommune. Sjølvsagt kostar det noko ekstra og ein må ha lokale, utstyr og båt tilgjengeleg. Men samstundes meiner eg viktigaste ressursen er drivkrafta til Gunnar og Jens Petter og at vi andre har lagt til rette og gått heilhjarta for tiltaket. 

No vil kommuneleiinga prioritere tiltaket i budsjettframlegget. For neste år ligg det mellom ann føre framlegg om innkjøp av kommunal bil til Smiå.  

– Med Smiå ligg Aukra kommune godt i forkant på å realisere den ferske «Stortingsmelding 34, Ein meir praktisk skule – betre læring, motivasjon og trivsel». Vi tek gjerne imot kunnskapsministeren og andre som vil sjå dette i praksis, seier Heidi Falkhytten entusiastisk. 

Relaterte artikler

Framtidens fellesskole – betydningen av godt lederskap

I november 2024 tok den norske regjeringen initiativ til å opprette et offentlig utvalg for å vurdere skolens rolle og betydning i samfunnet. Mandatet til utvalget er å undersøke hvilke forventninger og behov samfunnet har til skolen i møte med nye utviklingstrekk og utfordringer som kan true fellesskolens fundament. Målet er å skape en bred diskusjon og gi en tydelig forståelse av hvordan skolen kan opprettholde sitt samfunnsmandat samtidig som den tilpasser seg fremtiden.

Nyheter

Høringsinnspill om nasjonale registre for barn i barnehager og skoler

Skolelederforbundet leverte denne uken sitt innspill til høringen om opprettelse av nasjonale registre for barn i barnehager og skoler.

Nyheter
Elever ved Atlanten vgs

Skaper et trygt læringsmiljø som fordriver mobbing

Få andre norske skoler har så lave mobbetall som Atlanten videregående skole i Kristiansund. Det oppnår de selv om skolen ikke har fokus på å bekjempe mobbing. Lite mobbing er en bieffekt av arbeidet med å skape et trygt læringsmiljø.

Nyheter